Horda Tidend, 21. april 1982
Kvardagsmenneske eg minnest
David Sausjord – bonden – fjellmannen – forteljekunstnaren
   Det var ein dag i femtiåra eg møtte han David Sausjord fyrste gongen. Han stod utanfor selet sitt i Fedlehaugane og ordna med noko material. Grunnen til at eg minnest dette møtet var ein historie han fortalde meg frå fjellet.
  Han hadde opplevd so mangt i fjellet. Det har vel andre ogso gjort. Men eg veit ikkje om mange som kan gje det att slik som han David gjorde. Han kunde kunsten å gjera det levande.
   Denne historien var om den fyrste reinsjakta i Voss og Vossestrand Reinsdyrlag. Som kjent kjøpte laget inn dyr i trettiåra og sleppte i Nordfjella. Dei var fire mann i jaktlaget. Dei andre tre var han Mons Straume, han Brynjulv Herheim og han Anders Gavle. Veret var ikkje av det beste då dei kom i fjellet. Det regna og bles – var retteleg ufyseleg. I dei dagar var ikkje folk so velrusta med regnklede og støvlar som dei er i dag. Det var ullkleda som berga dei når dei kom ut for ei brosa. Lærstøvlane tok derimot inn mykje vatn.
   Karane var difor nokso gjennomblaute då dei kom i Sødalen, der dei skulde overnatta. Men jaktlukka var betre enn veret. Ho smilte faktisk til dei – På selsbøen i Sødalen gjekk reinsdyrflokken. Karane løyste eit einaste skot og ein ung bukk gjekk i bakken.
   Tre av karane gjekk i gang med å vøla opp kjøtet. Det varma dei frosne nevane. Den fjerde gjekk inn i selet og gjorde opp varme. Her fann dei noko busalt og kunde koka seg ei kjøtgryta. Våte sokkar og labbar hekk kring kjøtgryta på omnen – Då maten kom på bordet byrja dei frosne karane å tina opp. Det varme kjøtsodet smaka heilt framifrå. Dei var samde om at noko betre måltid hadde dei aldri hatt. Det var etter at kaffien kom på bordet og dei hadde fått seg ein aldri so liten knert av ei flaska. Det vart faktisk til at dei sette til livs ein tallerk til av det gode kjøtsodet før dei gjekk til ro.
--------
   Han Anders Gavle var fyrst oppe om morgonen og hengde over kaffikjelen. So vart det bordseta att – primitiv slik ho ofte er i fjellet. Men maten smaka heilt framifrå. Han Mons Straume meinte det kunde vera godt med ein kjøtbete attåt kakeskiva og byrja rota i kjøtgryta. Jau, kjøtbetar fann han. Men han fann ogso eine sokken sin som han hadde rota og leita etter om morgonen.
Sokken hadde koka mykje inn – han var ikkje større enn ein liten barnesokk. Det var ikkje underleg at kjøtsodet smaka so framifrå godt.
(Klikk her for å lesa meir om reinsjakt)
--
   Slik kunde han David fortelja. Det var so levande. Ein kjende liksom varmen i skrotten av kjøtsodet då han skildra bordseta i Sødalen –
Sidan den dagen i femtiåra har eg hatt mang ein hyggeleg prat med han David Sausjord. Han var ofte ein tur innom kontoret når han var på Vangen. Då vart det både historiar og gjevande samtalar om andre emne. Han var av den typen menneske som ein gledde seg til å møta. Ein vart i godt humør etter ei pratestund med han.
   Om sumarane då me for til fjells møtte me som oftast han David heime i tunet eller på stølen i Reppane. Han arbeidde alltid med noko. Truleg var han mellom dei som rekna arbeidet for ei velsigning. Han var kunnande med so mange ting. Litt av ein kunstnar var han ogso. Rundt om i heimane står ting han laga på sine eldre dagar. Dei vitnar både om handlag, stil og smak.
Eit av dei siste åra han levde fekk eg ei ølkjenga hjå han. Ho var laga av ei stor bjørkenuta. På kjenga står det: «Denne kjenga laga han David Sausjord til han Joans i 1975».
   Eg fellte faktisk ei tåra den dagen han kom med denne storarta gåva. Ho skulde vera som ei lita takk for alle fjell- skildringane. Når ein sjølv ikkje er sprek nok til og ferdast i fjellet lenger, set ein pris på å få vera med deg – –
   Dette stod det i eit brev som låg i kjenga. Ho har heidersplassen på hylla heime i stova. Kvar gong eg ser opp pä henne, minnest eg eit varmt venskap. Eg trur ikkje nokon diplom eller medalje vilde ha gleda meir enn denne rauste påskyninga frå ein trufast og skynsam lesar –
Han David Sausjord var bonde i sinn og skinn. Han var mellom dei fremste og framsynte. Då den store revolusjonen i jordbruket kom, var han noko opp i åra. Men han var med dei fyrste som tok i bruk mekanikken og dei nye driftsmåtane. Kven såg ein tidare på traktorsætet enn han David når ein for på dei kantar? Traktoren rugga lik- som so støtt av stad når han David sat ved rattet.
Dei som kom i prat med han vart storleg imponerte over alt han visste og fylgde med på i den rivande utviklinga i jordbruket. Han tok i bruk det han meinte var tenleg. Men det var ikkje berre innanfor jordbrukssektoren han heldt seg orientert. Det same var tilfellet i politikken og samfunnslivet i det heile. Han visste det meste av det som var verdt å veta.
   Det er likevel forteljekunsten eg minnest best. Skildringa hans om kalven hennar Kristense og Anders M ølster var meisterleg. Dei hadde kyrne sine på Gullbrå om sumaren og reiste med dei om Engjalandsdalen og Reppane.
   Gullbråmannen møtte dei der og buførde vidare over fjellet.
   Mellom Brekketeigen og Fedlehaugane ligg som kjent vegen heilt utpå gjelet. Ein junidag då ho Kristense og han Anders for der med buføra, var det ei kyr som sneisa etter ein kalv. Han skulde springa framom ei onnor kyr på nedsida. Dette resulterte i at kalven ramla utføre – tjue meter rett ned i botnen på gjelet der elva rann strid i snøsmeltinga.
   No – det var ikkje noko å gjera med dette. Kalven låg sjølvsagt steindaud nede i gjelet. Dei måtte berre reisa vidare med buføra – –
   Ei tid etterpå kom han David Sausjord ruslande utetter vegen. Han fortalde vidare om hendinga omlag soleis – –
*
   Det var nett som eg tykte eg høyrde eit grant mæle nede i gjelet. Dette måtte eg sjå nærare på. Jau, nede i hylen under den store heggen stod det verkeleg ein kalv. Eg rusla heimover att og fekk tak i folk og mykje tog. Etter ein times arbeid fekk me kalven opp pä Gilbakkesida. Han hadde noko skrubbsår, men såg ut til å vera nokolunde beinheil. Kruna på den store heggen hadde teke av for fallet. Likeins hølen nedunder heggen.
   Eit under var det likevel at kalven var i livet. Endå større under var det at han ikkje var nemneverdig skada.
   Me fekk kalven med oss ut- etter på Gilbakkesida og bort om elva i Fedlehaugane. Der sleppte me han saman med nokre andre kalvar.
   Medan me stod der kom ho Kristense og han Anders ruslande nedover att.
   - Nei, men Anders, her er kalven vår, høyrde me ho Kristense seia.
   Kjaoka, svara han Anders. Du skynar vel so pass at kalven slo seg kvekk i hel, so han ligg nok framleis i gjelet. Me lyt snakka med dei nede i gardane og få han derifrå. Han kan ikkje liggja i elva og rotna.
   - Nei og nei, eg skynar kanskje ikkje stort. Men her går no kalven vår likevel. Det er det same kva du seier, sa ho Kristense.
   - Skulde du ha haurt på verre kjaoka til kjerring. Eg trur du ser syner. Du må ikkje toska deg bort, var han Anders sin kommentar.
   No kunde me ikkje teia lenger. Me måtte fortelja om kvar me hadde funne kalven. Ho Kristense velsigna oss for bergingsdåden i salvelsesfulle ordelag. Han Anders var noko meir teiande – –
*
   Timane vart ikkje lange når han David byrja å fortelja. Eg minnest ein kveld eg sat i stova i Brekketeigen saman med han og han Brynjulv. Då skulde me hatt bandopptakar. Eine soga føre og hi etter kom på løpande band frå desse karane. Det vilde vore eit rikt tilskot til kultursoga – –
   Eg er svært glad for dei stundene eg fekk saman med han David Sausjord. Han var eit kvardagsmenneske – eit stort kvardagsmenneske.
Joans.