| No er det over 20 år sidan det var slektstemne i Husdal. Eg trur
det er mange som kunne tenkja seg ei slektstemne att. Denne gongen vil
det truleg høva betre å halda stemna på ein annan stad
enn Husdal. Johannes Husdal, som førre gongen var der og organiserte
stemna, er borte. Vi må finna nye personar som kan ta dette på
seg. Vi treng ein person som kan halda alle tråane i si hand, og
denne personen treng medhjelparar. Kan dei som kan tenkja seg å ta
del i organiseringa av ei slektstemne, melda seg hos meg
i
Norge eller i Tyskland så
kan eg setja alle i samband med kvarandre, og ein kan så koma saman
og snakka (også over internet) om det. -Eller enno betre: Skriv ein
kommentar i Gjesteboka
mi, så kan alle andre også lesa det.
For å gjera det klart så har eg ikkje
noko ynskje om å leia organiseringa, men eg kan ta del i førebuingane
til å danna ein "Stemnekomite".
|