På reinsjakt i Strandafjella
av Johan Husdal

 Johan Husdal (1895-1989) var meieristyrar på Vossestrand Meieri
 frå 1924 til 1964 . Han var oppvaksen på ein fjellgard i Lindås og
 levande interessert i alt som hadde med fjellet å gjera. I mange år var han med på reinsjakta, og i 1985 skreiv han ned ymse minne frå jaktturane han hadde vore med på. Han kalla det ”Jaktkrønike 1934 – 1974”, og Gamalt frå Voss prentar her eit utdrag: 

   Vossestrand reinsdyrlag vart skipa i 1929. Det vart innkjøpt 10 dyr, 8 simler og 2 bukkar. Den eine bukken dauda fyrste vinteren. Fleire gonger prøvde reinen å dra tilbake til Finse, der dyra var kjøpte, men kvar gong vart dei møtte og jaga tilbake til Bytningane, der dei var sleppte. Fyregangsmennene for kjøpet og sleppinga av reinen i Horgafjelli var Nils O. Midttun og Anders Arnfinnsen Gavle. Det var dei som passa på reinen og såg etter dyra, både sumar og vinter. Luteigarar i laget var berre dei som hadde skyldsett jord. Fyrste kalvinga gjekk fyre seg i Bytningane, og der heldt reinen til i mange år med kalvinga. (Klikk her for å lesa om jakta i 1934)    I 1935 var det fyrste gongen eg var med på reinsjakt. Eg var ikkje luteigar, men fekk løyve til å reisa på ein annan sin lut. Me samlast seint ein fredagskveld på Hommedal og låg i løda der. Kl. 6 om laurdagsmorgonen, i fyrste halvdelen av september, starta me, 10 mann. Turen gjekk over eggi til Tvinnesstølen og Volane. Der trefte me folka frå Dyrvedalen. Etter samrøda og matpause vart det avgjort at me strendingane, unnateke ein, skulle gå til Volakroken og liggja der om natta. Me skulle samstundes sjå etter rein. Dyrvedølene skulle ta mot aust frå Volane og sjå etter rein på den kanten. Me såg ikkje rein der me gjekk, og heller ikkje om kvelden.   
   Sundagsmorgonen var me tidleg oppe, og fekk oss mat. Ein mann hadde ikkje mat med seg, han gjekk rundt og tok litt hjå kvar, utan å spørja om noko. Slik heldt han det gåande under heile jakta. Nei, flau var han ikkje.    So vart det start mot Kaldavatnet. Me var komne opp fyre kanten av Volakroken, mot Kaldavatnet, då det kom to mann veiftande og haukande, mot oss. Dei kom med bod om at reinen gjekk ved Store Piksvatnet. Og like ned med vatnet gjekk ein reinsflokk på ca. 15 dyr og beita fredeleg. Det var tre dyr me skulle fella, og tre mann vart uttekne til å skjota, men alle skulle vera med og sjå når reinane vart skotne.    Det var tamrein som var kjøpt på Finse, og dyra var ikkje serleg vâre for menneske eller lukta av dei. Dei tre som var uttekne, Nils, Lars Draugsvoll og Anders, skulde skjota på teljing. Folka fekk ordre om å halda seg løynde og heilt i ro til dei fekk nærare varsel. Dei fleste hadde aldri sett rein før, men det var mange kloke råd å høyra. Dei som hadde vore med året før, kom lite til orde. No var det samla ein flokk på ca. 30 mann.     So vart dei tre skyttarane kommanderte i stilling. Ein, to, tre: Der small skota. Heile manneflokken spratt opp, veifta og skreik, skjente, og var meir eller mindre galne. Berre ein reinsbukk låg att. Dei andre reinsdyra tok tanande floget, over berg og dal. Kven var det so, som hadde skote den reinen som låg att? Jau, han Anders melde frå at det var han. Han vart rosa i høge tonar for dette skotet, ja, like mykje som ein verdsmeister i skjoting. Og mindre med ros vart det ikkje då me kom bort til reinen og såg at kula hadde gjenge på skrå over nasen og inn i hjernen. ”Eg hadde berre hovudet å sikta på,” sa han Anders. Men ein av dei som ikkje hadde halde seg i skjol, sa at ”det var merkeleg, for alle tre reinane stod då med breidsida til.”    Ein del av karane sette på sprang etter reinen. Me andre laga oss mat, flådde reinen og bar kjøtet ned i eitt av seli i Volane. Då me kom oppatt på høgdi, høyrde me eit ljoalag, det kunne vore frå ein heil her, som kom heim etter ein større siger. Jau, dei hadde skote ein reinsbukk til, og det var han dei song over. No hadde dei fenge ein rein til årsmøtet, og ein rein til dei i Dyrvedalen. Me strendingane fekk ta oss ut på ny leiting etter rein. Me spreidde oss, og tok føre oss Borgadalane og oppetter Piksvatna. Seint sundagskvelden møttest me på Tvinnesstølen. Der var det ikkje nok senger til alle, so det vart ein del krangel om sengeplassen. Nokre laut liggja på golvet. Men etter at me hadde fenge oss mat og kome til ro, var det ikkje lenge før ein høyrde snorking. Personane er: 1.Lars Bjørgås, 2. Mons Straume, 3.Odd Bratthole, 4.Johan Husdal, 5.Kolbein Straume, 6.Anders Sundve, 7.Per A. Naasen eller Olav M.  Rekve, 8.Knut Gjerstad, 9.Olav A. eller T. Hæve, 10.Lars P. Draugsvoll, 11.Brynjulf Herheim eller Klaus Vehte, 12.Bjarne Røthe, 13.Henrik Hommedal  Lund, 14.Eirik Veka Vetlestølen, 15.Jørn Tvinde, 16.Odd Oddsen Hæve, 17.Anders M. Rekve, 18.Olav N. Røthe, 19.Johannes Rongen, 20.? Gilgjarhus,  21.Anders Hirth Hæve, 22.Anders Haga Bruteigen, 23. Eirik O. Hæve.    Foto utlånt av Lisa Sundve
   Det hadde vore fint ver både laurdag og sundag. Då me vakna om måndagsmorgonen, var det skodda og fjellgrin. Humøret var det so som so med. Korleis skulle me finna rein i skodda? Det vart vedteke av dei som styrde med det at me skulle gå til Bytningane. Han Nils hadde vore og henta kvann om kvelden, og mist pipa si, og no ville han av å sjå etter henne. Me gjekk lenger oppe. Etter ei tid kom han Nils halsande, vinka og hauka, då han kom nedfor ein hamar. Det er noko han Nils vil, sa eg. Nei, sa han Mons Straume, han vil at me skal venta på han, men han er so godt trena i fjellet at han når oss att. Me tok til å gå att, men Nils hauka endå meir. Det vart so at me stogga for å høyra kva han ville. Han Nils kom, andpusten og sliten, og sa at reinen gjekk nede ved Borgavatnet. Det var vanskeleg å tru. Me hadde gått der kvelden før, og ikkje sett noko. Kom no her, sa han Nils. Men han Mons, som var sjef, var treg. Ja, eg reiser ned og skyt eit eit dyr, sa han Nils, so får de koma, de som vil ha reinskjøt. Det vart so at alle vart med.    Jau, so sanneleg gjekk der ikkje ein flokk på 10 reinsdyr. Storebukken var byrja å jaga. Han heldt ein ring rundt simlene so ikkje småbukkane skulle koma til og para. Det var ein vanskeleg jobb, for når han jaga ein liten bukk, var dei andre stad og para. Storebukken tok ein årsgamal bukk på horna og sende han ut på vatnet. Men bukken var ikkje verre faren enn at han sumde til lands, kom seg opp og para ei simle før storebukken vann over elva. Nokre simler var komne over på andre sida av elva.    Han Nils var for andpusten til å skjota, so det vart han Lars som skulle skjote det dyret me skulle ha. Det gjekk fort og greitt med skjotinga. Flåinga og eit matamål fekk me unna på kort tid. So var det på heimveg i skodde og fjellgrin. Men han Mons og han Nils var godt kjende i fjellet, so me slapp rota oss bort i skodda.

oOo
   Det var midt i september 1940. Det skulle verta reinsjakt i år og, men vilkåret var at den tyske majoren, som tok Voss, skulle vera med. Han hadde sett det kravet at dei som skulle vera med, måtte vera sportsfolk. 

   Det skulle vera start frå Gavle kl. 06.00. Han Nils og eg stod klare til å taka mot major Klein, når han kom. På slaget 06.00 stod han i Gavlstunet og hadde med seg ein til å bera. Sjølv bar han gevær og ein liten skuleransel. Han helste med strak arm, og so opp i handa. So spurde han meg fyrst, kor gamal eg var. 45 år, sa eg. Mykje for gamal, sa han. So spurde han kor gamal han Nils var. 52 år, svara Nils. Mykje for gamal, sa tyskaren. Me lurde på om han ville snu, når han fekk med seg so gamle folk, men det vart no til at me starta. 

   Major Klein sette opp ein fæl fart. Eg tenkte med meg at går du, so skal eg halda fylgje med deg. Han Nils bad om at me måtte sakta på farten, for det var langt å gå. Dette høyrde ikkje majoren på. Det vart same farten ut i Reppane. Opp Reppabotnen var det ikkje vanskeleg å halda fylgje med majoren. No slo han Sigmund Engeland lag med oss, og oppå Reppeggi trefte me nokre til som skulle vera i lag med oss. Det var Ola Røthe, Kolbein Straume og Sjur Hommedal. Etter å ha kvilt litt, bar det i veg att. 

   Om kvelden før og ut over natta hadde det regna, men om morgonen hadde det frose, so det var glashålt på alle steinar. Oppe i Svultabotnen var det snø, og opp mot Bytningaeggi gjekk snøen over kneet. Kven som kom på kvar me skulle gå var det ingen som ville vera ved seinare. Men eg trur det var han Nils, for han var best kjend, og han var leidar for jakta. Det vart so at me gjekk på sørsida av Mykjedalsvatnet, gjenom urda. Der var det glashålt. Me andre var vane med litt av kvart. Men tyskarane, som hadde gjenge hanemarsj ut i Reppane, greidde seg dårleg. Dei gleid og dei skreid, stundom på to og stundom på fire, og ikkje sjeldan både på magen og på bakenden. Me gjekk som om me ikkje såg noko. 

   So vart det snøen å vassa i. Midt oppe i Svultabotnen fekk major Klein krampe i båe låra. Han kom ikkje av flekken. Han stod der og gnika på låra sine, og litt etter litt losna det til med han. Men det gjekk smått. Me høyrde ikkje noko meir om at me var for gamle, korkje han Nils eller eg. Men so hadde me no gjenge rundt Mykjedalsvatnet på sørsida og so burt på Strupen, før me sette i vegen opp Svultabotnen. Kva majoren tenkte, eller om han forstod det, veit eg ikkje. Men det såg ikkje ut til at han ante noko. 

   Farten opp Svultabotnen var så liten at me andre heldt på og få frost i oss. Han Nils kunne ikkje gå frå tyskarane, men eg sa til han at me andre tek oss ein tur for å sjå etter reinen, so mykje me kunne få varmen i oss. Veret var fint, overskya, med ein frisk fjellvind. Ein kunne ikkje stå i ro lenge før ein fekk frost i seg. Han Sigmund og eg slo lag. Det var ikkje lenge før me fann rein millom Jomarsnosi og Svartehorgi, heilt innunder berget. Me måtte heilt nedpå kanten for å sjå reinen. Me skunda oss tilbake og fekk tak i han Nils og tyskarane. Majoren var redd for å gå nedpå kanten so han kunne sjå reinen. Men til slutt våga han seg til, då me stod rundt han. Den andre tyskaren stod lenger oppe. Truleg skulle han halda auga med oss, dersom me kippa majoren utføre. Men då majoren fekk auga på reinen, var det me som vart redde. Han hoppa og skreik, og omfamna oss, so me vart redde me skulle gå utføre. Det var då både snø og is der me stod. Men me kom oss vel opp frå kanten, og so fekk den andre tyskaren gå nedpå for å sjå reinen. Det vart på ny Hitler-helsing og handhelsing og gratulasjonar, ved synet av reinen. 

   So var det å koma seg ned. Han Nils tok til å forklåra korleis me måtte gå, og kor lang tid det vilde ta. Då majoren høyrde at det tok ein time å gå rundt, ville han vita om det ikkje var ein snøggveg. Jau, eg visste om ein veg ned frå Jomarsnosa og var nedover og såg etter om det var råd å koma ned. Eg sa med han Nils at han og eg ville noko koma oss ned, men det vart vanskeleg for tyskarane, so klønete som dei er til å gå. Han Nils til å forklåre majoren dette, men han sette på at ned der skulle dei gå. Eg hadde ein stygg mistanke om at majoren forstod norsk godt. Seinare fortalde han at han hadde vore mange gonger i Noreg på elgjakt. 

   Me kom oss ned etter at me hadde bore ryggsekken og ranselen til tyskarane, og geværa deira, og støtta dei både på sida og framme og bak. Reinen gjekk like roleg, og det var berre for major Klein til å skjota. Laglegare kunne det ikkje vera. Det var berre til å leggja geværet nedpå, og brenna laust. Reinen datt. Han kunne ikkje bomma på det haldet. Frå venstre: Sjur Hommedal, major Klein (Wehrmacht), Kolbein Straume, Nils Midtun, Sigmund   Engeland, Johan Husdal og Olav N. Røthe. Foto Deutsche Wehrmacht, utlånt av Gunnar Midtun. Meir informasjon om major Klein: Walter Klein, fødd 31.08.1890 i Drespe, Krs. Köln. Døde 22.03.1941 i eit snøras ved Mjølfjell. Tilhøyrde Stab III/Infanteriregiment 193.Er gravlagd på gravstaden for tyske soldatar, Bergen/Solheim.  Han let etter seg ei kone, som døde 29.04.1985.    No vart det ein seremoni som eg ikkje har vore med på, korkje før eller seinare. Klokka var på lag 12 då reinsbukken datt. Men me kom ikkje derifrå før kl. 15. Fyrst skulle majoren helsa med Hitler-helsing, og so helsa han oppi handa på alle oss 6 som var med. So skulle kvar av oss ha ein jaktdram, og etterpå var det same helsinga ein gong til. So skulle majoren og bukken fotograferast frå alle kantar og stillingar, og då me flådde bukken, vart det ny fotografering. Likeeins då kjøtet låg på snøen, då kjøtet skulle gravast ned, og då det var nedgrave så berre steinhaugen viste. Alt vart gjort grundig, på tysk vis.    Major Klein skulle ikkje ha kjøt, han ville berre ha horna av bukken. Det var ein stor bukk han hadde skote, og horna var uvanleg fine. Men majoren fekk ikkje mykje gleda av horna, dei kom ikkje lenger enn til Sundve skule.    So skulle me skilja lag, dei to tyskarane skulle ikkje vera med lenger, dei skulle tilbake til Vossestrand og til Voss. Det vart ein ny seremoni, med handtrykk og Hitler-helsing. Me hadde visst synt oss verdige til å få jakta åleine.    Major Klein hadde teke Voss i aprildagane 1940, men i aprildagane 1941 tok Voss majoren. Han gjekk med i ei snøskreda i Rjoandalen. Han skulle læra tyskarane å gå på ski, og å ta seg fram i fjellet.Han hadde vel i minnet reinsjakta han hadde vore med på. Han ville vinna over fjellet, men det vart fjellet som vann på han. Korkje dei tyske soldatane på Voss, eller me sivile, syrgde ved denne skredulukka.
oOo
   I 1945 vart det vanleg reinsjakt. Me møttest på Mørkvesstølen og låg der. Men no såg det ut til at alle var skyttarar, ja, storparten bar gevær. Kor mange mann det var, veit eg ikkje, men mange var dei. Den neste natta låg me i Mørkvesgrøndalen. Dyr fekk me, men det var mykje stygg skjoting, både skadeskotne dyr og sundskotne dyr, so mykje kjøt gjekk vekk. Ein må vel helst segja at det var ei utriveleg jakt. Det var ikkje likare i 1946, eller i 1947. Me heldt til på dei same traktene, Mørkvesgrøndalen og Sendedalen. Mange og dårlege skyttarar. Det var dei som fekk dyreskjelten, når dei såg ein rein på 5 km. avstand. Noko måtte gjerast, og det vart til at det vart valt tillitsmenn, som anten kunne skyta sjølve eller leiga ein godkjend skyttar. Dette gjekk fint i fleire år.
oOo
   Det var tidleg reinsjakt i 1951. Varmt var det og. Eg hadde fenge lov til å leiga Sendebu. Åleine rusla eg om Mørkvesberget til Sendebu. Om natta då det vart kjølegare, strekte barduna seg so det vart ei fæl knaking og braking i hytta. Eg var tidleg ute, og brukte kikkarten.Jau, der gjekk ein flokk med rein, oppe i eggi over Vesle Skabotn. Det var ikkje lenge å venta før eg høyrde og såg ein flokk karar, det var reinsjegrar. Men du for eit ljoalag dei heldt. Dei kom ned til Sendebu og ville høyra om eg hadde sett rein. Eg sa som sant var at eg hadde sett rein i Vesle Skaboteggi. Dei dyra har me og sett, sa han Henrik Dugstad, men det er sauer, og det er ikkje det me er ute etter. Han Sjur Nesheim (Kvasshaugen) ville høyra meir om kva eg meinte, men vart fort avfeia. Turen gjekk oppå Asbjørsdalseggi og Skjervheimseggi og attende til Sendedalen. Der sette han Sjur opp, fekk eit par mann med seg, gjekk over Vesle Skabotseggi og ned mot Skjellingastølen, der han skaut nokre dyr. Det vart myrke kvelden før dei kom tilbake til Sendebu. Der vart det kokt kjøt og ete i lange banar. Og dei var snøgge med å ha seg i seng. Då eg, som hadde leigt hytta, skulle leggja meg, fekk eg plass i skotet i lag med Oddmund Nesheim, på nokre steinar. Om morgonen var dei snøgge til å koma seg avstad. Det vart han Lars Hirth Nesheim og eg som fekk vøla av etter flokken. Det såg ut som på ei slagmark. Dette var ein laurdag og eg venta eigarane av hytta.
   Rein var det nok av den dagen. Det vart skote mange dyr. Det vart so at eg fekk han Sjur og eit par mann til med meg, so me kom ut frå den mølja. Det var mange som aldri hadde vore på reinsjakt. Dei stod og skreik og gaulte at skyttarane måtte koma her og her. Dei trudde visst at reinen var både dauv og blind. 
   På den turen fekk me sjå korleis to simler trena kalvane sine. Det var eit lite dalsøkk, med ei lita tjørn i eine enden. Det var to simler og tre kalvar og ein stor bukk. Fyrst sprang simla med dei tre kalvane. So måtte kalvane alle springa saman, og ut i tjørna. So ein og ein om gongen. Ein gymnastikklærar kunne ikkje ha gjort det betre. Men me øydela idyllen for dei. Han Sjur skaut den store bukken, og kalvane fekk nok bruk for lærdomen sin. 

   Då me kom til Sendebu, var eigarane komne. Det vart berre eg og eit par til som fekk hus. Dei andre måtte søkja overnatting andre stader.

oOo
   I 1952 samlast me på Nyestølen kvelden før jakta skulle byrja. Dei som var med, var Sigmund og Helge Engeland, Einar Husdal, Lars Engeland i lag med to mann som vart kalla Tilten og Fageren, og so eg. Me fekk ikkje lov til å skyta inn riflene før me kom i Mykjedalen. Dei sa at me kunne skremme hestane. Me kom ned til Sydalsvegen, der skulle me prøva riflene. Det vart skote mange skot, og me tok oss og ein matpause. So var det på farten att.
   Då me kom so langt at me såg mot Sydalseggi, der for reinen i eitt tanande jag. Det viste seg at reinen hadde vore nær oss då me byrja å skyta. Me sette etter, og oppe ved tjørnane, ved Kvitenosi, fekk dei skote fire dyr. Det hadde vore ein hard marsj. Han Lars og eg vart litt etter, men langt bak kom Tilten. Me kunne ikkje gå frå han. Fageren var ein stor, kraftig kar. Han sette ryggsekken sin ved den fyrste skotne reinen og tok seg eit tur oppå Kvitenosi. 
   Tilten kom no opp til dyra som var skotne, hivde sekken og pusta ut. ”Kva skal me gjera med alt dette kjøtet?” spurde han. ”Det skal me bera med oss heim,” var svaret. ”Då lyt eg tøma noko av det eg har i sekken,” sa han, og tok til å ta opp av sekken den eine fiskebolleboksen og seikakeboksen fyre og den andre etter. ”De må hjelpa meg å eta, elles lyt eg kasta det,” sa han. So mykje fiskebollar og seikaker har ikkje eg ete korkje før eller seinare, og det trur eg ikkje dei andre har gjort, heller. Sekken hans måtte minst ha vege 35 kg. 

Då dyra var flådde og kjøtet nedmura i ei snøfonn, tok me på veg att. Me skulle liggja i hytta i Volakroken. Då me nærma oss Svartavatnet, kom reinsflokken mot oss. Etter kom fire karar som sprang rett på reinen og skaut medan reinen var i vill flukt. Men det låg ikkje att noko dyr, og me fekk mistanke om at dei såra dyr. Me gjekk bort til dei so me fekk vita kven desse villskyttarane var. 

   Då me kom i Volakroken, var brua vekke. Elva var stor, så det var vanskeleg å koma over henne. Men Sigmund og Einar vassa over, dei stødde seg til geværet. Vatnet gjekk oppå magen. Fageren sumde over. Han sprang naken opp til hytta etter ein planke, og med ei lina til hjelp fekk dei planken over, so Helge, Lars, Tilten og eg også kom over elva. Fageren gjekk tilbake og henta sekken sin. 

   No byrja det å regna. Det var godt å koma i hus, serleg for dei som hadde vassa over elva. Kvelden gjekk med å koka reinskjøt og fortelja jakthistorier. Me tok oss ein liten dram og, før me gjekk til sengs. 

   Det regna heile natta. Om morgonen såg me ikkje att planken som me hadde brukt til bru kvelden før. Skodda var tjukk, og det rekna like mykje, så me måtte finna oss i å liggja verfaste. Mat og hus hadde me. Ut på dagen kom karane på at der var ei kiste som me kunne laga om til båt, og det vart eit større arbeid med tetting. So skulle båten setjast på vatnet, og det måtte vera ei ordentleg sjøsetjing. Han Einar stod for namnet og dåpen. Båten skulle heita Innvolafjord. Klarar det seg ikkje med Volafjord? spurde han Helge. Nei, sa han Einar, dette er so innvikla at me må ha ”inn” med. Då båten kom på vatnet, viste det seg at han bar berre ein mann. Me var like hjelpelause. 

   Regnet hadde gjeve seg i 16-tida. Det hang att ein vaier av brua. Han Sigmund klatra ut på vaieren og fekk laust eit vaierlås. Me tok til å strekkja opp vaieren og laga til ein heis som me kunne sitja i. Me prøvekøyrde han om kvelden, men då me var ferdige med det, var det mørkt. Det var ikkje rare reidskapen me hadde til å hjelpa oss med, men det er utruleg kva ein kan klara, når det røyner på. 

   Neste dag var det bortimot klår himmel. Me var tidleg oppe, so starten gjekk kl. 6. Eg var fyrste mann over. Alt gjekk etter planen. Lina som Sigmund hadde, kom vel med no, med den fekk me drege stolen tilbake. 

   Så kom me opp til kjøtet, fekk det oppgrave og fordelt på 7 mann, men ikkje like mykje på kvar. Fageren ville ha med seg ei reinshud og attåt kjøtet hadde han sikkert ei byrd på nærare 50 kg. Men det vart tunge byrder på alle, for det var store reinar me hadde skote. 

   Me skulle nett til å få oss mat, då uveret sette inn. Han Sigmund tok opp kart og kompass og streka opp retningen. Me tok kjeks og sjokolade i lommene, og so bar det avstad, med Sigmund i spissen. Det var storm og snøkavar, so det var lite me kunne sjå. Ein gong skulle me prøva å kvila, men veret var so fælt at me byrja frysa, straks me stogga. Det var berre å gå på. 

   Kl. 15 kom me til Svultabu. Hytta var ikkje ferdig, men det var no livd, og me fekk koka oss kaffi og eta eit betre måltid. Me trong sårt om mat no. Her ved Svultabu var ikkje veret so fælt som oppe på Skreieggi, men surt var det. Me stogga berre so lenge til me hadde fenge maten i oss, so var me på farten att. Me gjekk Sundvesfjellet, til Nyestølen. Det regna heile tida, so støvlane vart fulle av vatn. Me stogga ikkje på Nyestølen, det bar beine vegen til Flyhjellen. Der lånte me telefon hjå Olav Hole og ringde etter bil, så resten av heimturen var makeleg.

oOo
   I 1965 bygde han Ivar hytte på Vikafjellet. Me arbeidde på spreng for å få ho ferdig før reinsjakta. Samlestaden for jakta var Svultabu, der me visste reinen heldt til. Ja, so samlast me att, gamlekarane, han Lars, Helge, Sigmund, eg og sønene mine, Ivar og Jon. Han hadde no vore med to gonger før, men det var 9 år sidan. Som sist skulle han Lars og han Helge vera kokkar, Ivar og Sigmund skyttarar, Jon og eg flåarar. Me var oppe dagen før jakta skulle byrja. Om sumaren hadde me hatt opp ved og parafin som me skulle både få varma oss og koka maten. 
   Eg og han Ivar tok ein runde for å sjå etter reinen, som var alle stader rundt hytta. På nordsida av Mykjedalsvatnet kom ein mann med gevær. Då han såg reinen vart han ståande heilt roleg. Me såg etter rein og passa ikkje på mannen, han vart heilt vekke for oss. Me gjekk rundt alle steinar og haugar på nordsida av vatnet, men me såg ikkje noko. Reinen tok inn mot Svultabotnen om kvelden. 
   Me var tidleg oppe morgonen etter og tok oss opp Svultabotnen. Der trefte me to jegerar som spurde om me hadde sett rein. ”Nei, ikkje i dag,” sa me. Dei sette opp farten mot Bytningane, me runda av mot Steinsetnipa. Der var reinen. Ivar skaut og Sigmund skaut. Det var ikkje lenge å venta før der var mange jegerar. Ivar og Sigmund skaut kvar sitt dyr til, Jon og eg flådde og mura ned kjøtet. 

   Reinen vart berre gåande i ring. Kvar han kom, var det jegerar, og dei skaut. Ein av dei var riktig uvøren med skytinga. Slike som han skulle aldri fenge gevær i hendene, eller vore med på jakt. Før kvelden kom, hadde Ivar skote 4 dyr og Sigmund 5 dyr. Lars, som i yngre dagar var reine storskyttaren, var ikkje god til å halda seg. Då reinen kom forbi hytta, tok han geværet og skaut ein rein, han og. 

   Det var godt å koma i hus og få varmt vatn til vaska av seg blod og hår, og so få kvila. Ryggen verkte, for eg hadde stende for lenge kroket og flått. Det vart drukke mange liter vatn og saftblanda den kvelden. Kor mange rein som vart skotne den dagen, veit eg ikkje. Dagen etter var det att berre ein liten flokk med rein, og nokre av den flokken måtte og lata livet. 

   Me avslutta jakta, for me hadde fylt den kvoten som Sigmund og eg var tillitsmenn for. Men mange heldt fram med jakta, og dermed klarde dei nesten å rydda ut reinen i Fjellheimen vest, berre eit par hundre dyr var att. Då jakta byrja, rekna ein med at der var ca. 1200 dyr. Ingen kan gjeva greida på kvar kjøtet vart av. Me trefte og på dyr som var skotne, men som ingen hadde brytt seg meir med, eller som hadde vorte borte for dei. 

   Reinen vart erklært til å vera villrein, og reinsdyrlaget vart oppløyst. Det vart stogg i den lovlege skytinga i fem år. Men den ulovlege skytinga heldt fram. Det viste seg på dei skadde dyra ein trefte på. Me skaut eit dyr ved Såto. Det var han Sjur som skaut, han Sigmund og eg var med. Eine bogen på reinen var heilt overbetent og full av materie. Det var eitt dyr til som var skadd, men det fekk me ikkje skot på. Dagen før såg eg i flokken ein stor bukk som halta, men han fann me ikkje. 

   Ein sundag eg var på Vikafjellet såg eg ein reinsflokk på 33 dyr. Eitt av dyra, ein bukk, hadde ein heil vase med skyteleidning rundt halsen og horna. Eg melde frå til viltnemnda, som ordra folk til fjells for å ta livet av dette dyret. Det var Sigmund, Sjur og eg som tok avstad. Me fann dyra att i Katladalen. Det viste seg at skyteleidninga hadde skore seg heilt inn i kjøtet på halsen av reinen. Det var godt at lidinga tok slutt, for det dyret.