Gudstenesta byrja i Vinje kyrkje med orientering om pilegrimsvandring.
Kyrkjerommets ”Via sacra” vart understreka ved at ein starta ved døypefonten
nede ved døra, gjekk så mot alteret, ut sakristidøra
bak altertavla og ut i Guds store katedral, naturen. Der møtte vi
mange visualiseringar som på ein god måte kompletterte
det som vart lest, talt og sunge. Vi gjekk opp Kongevegen, hovudveg
Bergen - Oslo 1780 - 1884, mot den gamle kyrkjestaden på Vinje. |
På den gamle kyrkjegarden tok vi ein kort pause og minnest den gamle
kyrkja, som vart riven i 1872 med salmen "Kyrkja ho er eit gamalt hus, stend
om enn tårna mun falla" - "endå kan klokkene kalla". Kyrkjeklokkene
er no i den nye kyrkja. På andre kanten av Vinjetunet ligg Kòrtufta og tufta til Prestestova. Her stod truleg det fyrste gudshuset på Vinje. Tufta har vore verna om og minnet har vore levande. Det er truleg meir enn 600 år sidan det sto nokon kòr her. (Ein av prestane som budde her var Sira Erling på Vinje, han er nemnt i fleire mellomalderbrev frå åra 1342 til 1347. ) |
| Den tradisjonelle vegen til Jakobskyrkja gjekk rett opp Kòrbakken.
Den vegen er skildra i Pilegrimen 1-2, 2000. No er den ikkje rydda og den
er elles tung å gå. Vi gjekk ein omveg og fylgde den gamle
kyrkjevegen til folk frå Myrkdalen, brukt i åra 1100 -1800.
Neste stopp, med kvilepause, var på Kvinnestigen. Sokneprest Thaule fortalde der om apostelen Jakob og las frå Pilegrimen legenden om St. Jakob si gravferd fram til Santiago de Compostela |
På 600 m høgd gjekk vi bortom ”Tonæ” for kvile og matpause.
Det er ei grasslette med utsikt til begge kyrkjesokna på Vossestrand.
Det var ein gamal skikk på Vinje at ein på Jonsokaftan skulle
brenna bål på Tonæ. Vår vandringsdag var Jonsokdag,
Døyparen Johanes sin fødelsedag, og vi tende opp bål.
Og medan kyrkjelyden var samla rundt bålet, held soknepresten ein kort
meditasjon over sundagsteksten om Døyparen Johannes og hans Kristus-vitnesbyrd.
Etter Tonæ kom tyngste stigninga under Helgaberget, eit av landemerka på Vossestrand. Namnet kjem frå heilag, og er eit kjent namn fleire stader i landet. Frå Island kjenner ein òg namnet. Der heiter det. "Du skal ikkje sjå på det fjellet med uvaska andlet om morgonen" Her veit vi berre det at på høgre sida av Helgaberget ligg Jakobskyrkja. Opp under det mektige Helgaberget las presten frå Salme 121: "Eg lyfter mine augo mot fjellet og spør kvar skal mi hjelp kome ifrå ", og i Trygve Bjerkrheims attdikting kunne me syngja same salme (NoS 317) der orda i vers 2 vart aktuelle og nære :”Han styrkjer stegi mine / og fast på fot eg gjeng…”. |
Mot nest siste stasjon skulle alle finna ein stein og bera med seg. Steinen vart brukt til å bygga ein liten varde med eit krossforma vegvisar-skilt der det stod ”Jakobskyrkja” på. Denne bolken i den lange gudstenesta var eit symbol på at den som hadde ”tungt å bera”(Mt.11,28), kunne legga frå seg byrda under Krossen . Songen ”Takk at du tok mine byrder..” gav ny kveik, og med påminninga frå Fil. 3,13 om å ”jaga mot målet” tok vi fatt på siste kneika, opp ei bratt ur. |
Der låg målet : Berghola på skap av ei kyrkje, med portal
og vindauga, skip, kor og ”side-sakristi”. Berre om lag tre meter djup, men
ved eit tidlegare høve trykte vi saman 35 personar der inne !
Her kunne vandregudstenesta avsluttast med pilgrimssongen ”Fager er jordi”. Etter velsigninga kunne kyrkjelyden setja kursen ned att til bygda etter ei annleis og rik gudsteneste-oppleving John Ove Thaule og Ivar Husdal (tilbake) Fotograf: Ruth Døssland Thaule |