Røva - Viso året 1935
Home
So dei her pao Skjervheim starta røvagard.
Sylv-røv hadde dei og so eit blao-røv par.
Pengane dei skulde strøyma inn, so berre sand og gras.
Penga sòvande, da sa han Anna Lars.
Kjæringane dei om halsen skinn ska fao,
både helg å vyrkja dei i skinn skal gao.
Å med tiè ska dei fao ein pels tao berre røva-skinn.
Naor dei fleire dyr i garen sete inn.
So adle veit so skal no røven sjodnast godt.
Da vatt kje spart på nokko, maten han va flott.
Søta-mjelk dei fekk å drikka, å so kjøt tao beste sort,
å so egg, so kullet skulde verta stort.
Fyrsta aoret gjekk å fyrsta vonè sprakk.
Røven fekk kje ùnga, berre aot og drakk.
Men da berre te å venta, da til aors ve laga seg.
Dao dei sikkert ùnga faor - eg seie deg.
Men da andra aoret ikkje berè vatt.
Blaurøvprisen gjekk ned i skjiten ratt.
Sylvrøvene fekk ùnga, dei ska ha lov og takk,
dei berga foreløbig i frao eit krakk.
Med dei ùnga so dei nesta aoret fekk.
Dei daua kvar og ein, so syrgjeleg da gjekk.
Gamle hannen laut dei slakta fy hans helsa va so ring.
Å fy pelsen fekk dei nesten ingenting.
No, da vatt for dyrt å sjodna dei so flott,
no dei gav dei vomb å anna mindre godt.
Å han Anna-Lars fann pao, han skulde slakta galten sin.
Kvar ein rùbb og stùbb da gjekk i røven inn.
Men med tiè vatt no galta-flesk fy feitt.
Gamle katta, sild å rao slag i dei smatt.
Penga no dei maotte spara for budsjette dårleg va
og prisane pao røvaskinn da sigje ha.
Da va greidt – da maotte adle sjao
detta her so reint pao krùkko maotte gao.
Røven no dei maotte slakta og busjette greiast ut.
Ein gong maotte detta eventyret ta slut.
Når dei so da stora oppgjeret hadde hatt.
Da so lite tao fortenesto vatt att.
Da so folkje seie, men da gjengje i dùld.
Rùndt om femtan-hundra kvar dei fekk i skùld.
Samla av Arne Nesheim og Per Husdal. Visa er retta opp med ei avskrift
frå før 1940, som var teken vare på av Gudve Hommedal (f. Ulvund).
Er det fleire som har retting og kommentar så er eg glad for det!
|