Home

home   Sumarkveld ved  home Finnbunuten 
Tone: Jeg er et lite, lite lam -

Det syng so underfullt og kling 
når eg til fjells meg gjer ein sving.
Frå Kvitenos og   Finnbunut
mang ein gut 
såg Lukkelandet" upp  og ut.
Eg høyrer song og surl og spel,
i moll småfossen når mi siel,
På myri molteblomen  fin
står og skin 
og byd til gjestebod meg inn.
Du store, sterke allmaktshand
som gav til oss slikt fagert land,-
å vann eg rett å takka deg
hjarteleg
for alt du gav mitt folk og meg!
Takk, Fader, for ditt livsens ord, 
for barnedåp og  nattverdsbord! 
Takk, takk, du lokka ogso meg
inn til deg, 
ein ferdafugl på farleg veg!
Kom heim kvar ung i livsens  vår!
Du bestefar med sylvkvitt hår, 
kom ogso du, so reiser me
i Guds fred 
dit aldri sol og dag går ned.
Til bygdi atter ned eg må
frå alt det gilde eg fekk sjå. 
Eg vilde helst ha vore her
himlen nær; 
men vegen gjenom dalen ber.

MARTINUS SØRESTRAND.
Offentleggjort i Kyrkjelydbladet 1942
Eigar av dikt: Olav Skjervheim, Etne