Home Framhaldskule 1945-46  i det gamle kommunehuset på Draugsvoll

Bak frå venstre: Hilmar Hommedal, Trygve Skjervheim, Jens N. Naasen, Johannes A. Naasen, Olav Hole, Leif Ure, Sigurd Dugstad,  Anders Skjervheim. 
Framme frå venstre: Sigvor Kvamme, Aslaug Opheim, Hans Hansen, Gerd Ottesen, Ingebjørg Sausjord.
Læraren , Hans Hansen, var frå Voss. Han hadde eit lite småbruk på Flatekval, Skulestadmoen, men etter artium dreiv han mykje som lærar utan fast tilsetjing. Mellom anna var han på Oppheim, dels som vikar i sjukdomstilfelle, dels som framhaldsskulelærar. 
Framhaldsskulen var ambulerande mellom Oppheim og Vinje. Hansen hadde og kveldskurs i engelsk på Oppheim. Og så var han organist i Oppheim og Vinje kyrkjer, innanfor eit tidsrom frå 1939 til eit par år etter krigen. Foto utlånt av Peder Naasen   Samlar av foto: Per Husdal