90-åring
på to hjul
Oskar Draugsvoll
frå Vinje på Vossestrand er ein råtøff type
av eit mannfolk. I sitt 90. år brukar han sykkelen meir enn dei fleste.
Ein sykkeltur på Vangen og hei-matt - ei strekkje på til saman
4 mil - er heller ikkje noko uvanleg for den spreke strendingen.
MIL ETTER MiL: Oskar Draugsvoll har mange mil bak seg på to-hjulingar-
om så det er moped, eller vanleg trøsykkel. Her er han
”fanga opp” av kameraet på Løne på veg heimatt frå
Vangen.
Av SJUR HERRE (TEKST OG FOTO)
- I fjor sykla eg 15 gonger på Vangen.
Dette er fyrste turen i år, fortel Oskar når me ”kaprar”
han på heimveg på Løne torsdag denne veka.
Oskar har korkje rasarsykkel med 20-30 gear, eller fantomdress, men
han meiner ein tilårskomen damesykkel og vadmaolsklede gjer same
nytten,
Slikt å gjera
-Men kvifor sykla, når det går buss?
-Eg har slikt å gjera på, og så rekk eg no på
arbeidet mitt likevel. Denne gongen hadde eg heller ikkje noko ærend
på Vangen. Del var rett og slett berre ein "heisatur”, kjem det turt
frå den tettvaksne 90-åringen.
Når Oskar er i godt slag tek han seg berre ein pustepause på
vegen, og det skjer gjerne i Åsbrekkegjelet,
- Kva med all tungtrafikken som rasar forbi?
- Eg held meg heilt inntil vegkanten, og då går det bra.
Men trafikken har endra. seg kolossalt ifrå den tida - i 20-åra,
- då eg dreiv med hesteskyss på denne strekkja, frå Vossestrand
til Vangen, fortel Oskar.
Ein tur på Vangen og oppatt tok den gong ca fire timar, minnest
90-åringen.
HESTEKAR: Hestehald har vore Oskar si store interesse
gjennom alle år. Få veit så mykje om hest som han.
Annerkjend hestekar
Oskar Draugsvoll var også ein vidgjeten hestekar, Det vert påstått
at han var den
beste i heile bygda. Skulle ein handla hest, om så det var tråvar-
eller arbeidshest, måtte ein gå til han Oskar for å få
gode råd.
- Kva var det du la vekt på når du saumfor ein hest?
- Fyrst og fremst var det augnalaget. Hadde hesten harde og kvasse
augo, så. var han ikkje god å ha med a gjera. Vidare skulle
dei ikkje vera turre, men godt «.kjøta" over ryggen. Viktig
var det også å ha ein slett og fin overgang mot halsen. Skikkelege
føter og god muskulatur la eg sjølvsagt også stor vekt
på, seier hestekjennaren med dølahesten som sin favoritthest.
Varmblodsaren karakteriserer Oskar meir som eit leiketøy. Den eignar
seg lite til arbeidshest.
Med den hestekunnskapen som Oskar sat inne med. var det naturleg at
han også tok på seg temjing av hest. Og etter kvart vart det
mange unghestar som gjekk i skule hjå meister Draugsvoll.
Bonde, feiar og kyrkjetenar
I tillegg til å driva det 20 mål store småbruket
sitt på Vinje, der han dreiv ei stund med mjølkeproduksjon,
og seinare smale, hadde også Oskar jobben som feiar.
- Feiarjobben hadde eg i 20 år, og då farta eg over store
delar av vossebygda og vart kjend med mykje folk. Framkomsreiskapen min
var mopeden. Ein moped som eg framleis nyttar mykje for å forflytta
meg, seier den spreke strendingen.
- Det har vorte mange skorsteinar, og mange tak å klatra på?
-Ja, men bank i bordet, det har gått bra, eg har ikkje "dotte"
ned ein einaste gong
Oskar har også vore kyrkjetenar og gravar ved Vinje kyrkje gjennom
ei årrekkje.
Ungkar
- Og du bar vore ungkar heile ditt lange liv, og aldri hatt nokon kjærast?
-Å eg har no smaka på dei, ler Oskar hjarteleg,
Han fortel elles at han likar godt å besøkja dei eldre
på aldersheimar- og det hender rett som det er at han slengjer seg
på mopeden og putrar opp til Oppheim Aldersheim,
-Helsa har vore bra?
- Det har no vore litt ymest med det. Røysta sviktar litt no,
men den held til heimebruk når eg snakkar med meg sjølv, ler
humoristen Draugsvoll.
Oskar er også vide kjend for å målbinda nokon kvar,
med sine raske og slåande replikkar.
Sterke Oskar
- Det går rykte om at du var litt av ein kraftkar i yngre år?
- Nei, her tek du nok feil, det var bror min Olav det- Eg var ikkje
sterkare enn litt over middels.
- Men kva med historia om den gongen du sykla heimatt med ein sykkel
på ryggen, som du hadde kjøpt på smalaauksjonen. Eller
kva med den gongen då du med berre nevane lyfte fronten på
traktoren ut av vegen for at sognabussen skulle koma forbi på den
samle vegen?
- Dette er rein bløff, ler Oskar med ein lur smil.
Slektsgransking og kulturverning
- Nei, då likar Oskar betre å snakka om slektsgransking
som han er svært oppteken av. Si eiga slekt har han rekt opp mange
slektsledd attende i tida.
Eit anna interesseområde er vern av gamle kulturminne. Han tenkjer
då spesielt på Voss Mylne. Oskar var også den som tok
opp at ein måtte restaurera og få i stand den gamle mylna ved
strandavegen. For, som han seier, så veit ein aldri kor tid det kan
verta bruk for dei gamle mylnene att. Oskar minnest så alt for godt
kva mylnene kringom i bygda har betydd gjennom ulike krisetider.
Råta seg
- Kva går elles kvardagen med til i ditt velvaksne pensjonstilvære?
- Ingen ting, eg rotar megr Økonomisk klarar og meg også
bra.
- Kva med vedhogst, og potetdyrking?
- Jau, slikt til husbruk driv eg på med, men det er no meir for
å halda appetitten i orden, ler Oskar Draugsvoll - før han
kastar seg på sykkelen |